Telja småbeinute lik

Lat oss telja yver liki att.

Dersom me berre kunde gjera liki minder,
på storleik med skallar,
kunde me gjera ei heil slette kvit med skallar
i måneskinet.

Dersom me berre kunde gjera liki minder,
kunde me kanskje dunga
eit heilt års drap framfor oss på ein pult.

Dersom me berre kunde gjera liki minder,
kunde me måta
eit lik til ein fingerring, til minne for alltid.

Robert Bly

(Diktet er henta frå ”Dikt i umsetjing” av Olav H. Hauge, Samlaget 2001)

 

One Trackback to “Telja småbeinute lik”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: